Inuittisk kultur

Fyrste skuledag i Upernavik på Grønland. Skulebarn i tradisjonelle inuittiske klede held grønlandske flagg.
Tenning av qulliq til ære for skipinga av Nunavut-territoriet i Canada 1. april 1999

Inuittisk kultur omfattar historiske og noverande kulturuttrykk til inuittar, ei urfolksgruppe frå arktiske og subarktiske delar av Nord-Amerika (delar av Alaska, Canada og Grønland). Forfedrane til dagens inuittar er kulturelt knytte til yupikfolk (Sibir og Vest-Alaska),[1] og aleutar frå Aleutane i Sibir og Alaska. Inuittisk kultur viser hovudsakleg til desse områda, men det finst også parallellar til andre såkalla «eskimogrupper». Inuittar levde spreidd over eit svært stort område, med ulike levetilhøve. Dette gjer at kulturen deira alltid har hatt regionale skilnadar, sjølv om det også finst mange likskapar.[2]

Den tradisjonelle livsstilen til inuittane er tilpassa ekstreme klimatiske forhold. Dei grunnleggjande ferdigheitene deira for å overleva er jakt og fangst, i tillegg til å kunna laga klede og utstyr av pels og bein for å overleva. Det var aldri mogleg å driva landbruk i dei millionane av kvadratkilometer med tundra og islagde kystar frå Sibir til Nord-Amerika, medrekna Grønland. Derfor blei jakt kjernen i inuittane sin kultur og kulturhistorie. Dei brukte harpunar og pil og boge for å ta ned dyr i alle storleikar. Heile dyret blei brukt til mat og materiale for klede og utstyr.

Nokre inuittar byrja få jamn kontakt med europearar sidan 1600-talet, og kulturen deira endra seg som følgje av dette. Nokre av dei levde likevel ganske isolert fram til 1900-talet, og følgde den nedervde livsstilen sin. Den europeiske påverkinga på den inuittiske kulturen blei sterkare frå 1800-talet.[3] Kolonisering og modernisering har hatt stor påverknad på kulturen, til dømes er alle inuittar blitt bufaste medan fleire før var nomadiske. I nyare tid er han også blitt truga av klimaendringar.[4]

  1. "Inuit", Canadian Encyclopedia
  2. Morrison, David (2004). «Inuit culture». The Oxford Companion to Canadian History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-541559-9. 
  3. Morrison, David (2004). «Inuit history». The Oxford Companion to Canadian History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-541559-9. 
  4. «Climate change: Greenland's culture shifts as Arctic heats up». BBC News (på engelsk). 12. oktober 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy